Tilbake til alle arrangementer

Hildegunn & Leif-Per UTAN Kringkastingsorkesteret på Kulturhuset


  • Vennesla Kulturhus Venensla (kart)

Den eksentriske husmora frå Ulsteinvik og taxisvogeren hennar er endeleg tilbake på norske scener!

Mellom 1998 og 2010 herja dei landet rundt med den nyskapande humoren sin - men dei rakk aldri å kome til Vennesla. Ikkje før no - for Hildegunn og Leif-Per Moltubakk er tilbake i norsk showbiz med ein omfattende turné - og Vennesla kulturhus står på programmet fredag 22. november klokken 19.00!

Mykje har skjedd i livet til Hildegunn sidan sist – ho er skilt, ho er blitt bestemor, ho har deltidsjobb på Cubus – og har endeleg greidd å fullføre ei etterlengta coach-utdanning. I tillegg vasker ho framleis kleda til eksmannen sin.

Leif-Per har fått seg batteritaxi, og er framleis Søre Sunnmøres mest habile gitarist. Men er han singel?

Denne gongen satsar radarparet frå Ulsteinvik mellom anna stort på alle dei moglegheitene som melder seg når ein ikkje skal samarbeide med Kringkastingsorkesteret.

Gled deg til eit heilsprøtt show med musikk og dramatikk!

Av og med Fredrik Steen og Ørjan Liavåg.

Varighet: 1 time og 20 min

Cafe Smia har servering fra kl 18. Velkommen!

Tidligere arrangement: 16. november
Hallvardson med band hos naboen lørdag 16. november
Senere arrangement: 24. november
SALMER PÅ PØBB