Homme gård og gamle sagn




Huldrekyra på Homme

«Sommaren etter at juletrolla hadde sagt farvel til Homme, høyrde kona ein underleg dur i fjellet. Ho sprang ut og skulle sjå. Då gjekk det to huldrekyr og beitte på Langægra. Ho skunda seg inn etter mjølkekolla, men med det same høyrde ho det ropa på kyrne fra fjellet. Desse tok til å springe i ein rund ring. Då fekk kona kasta kolla over dei. Straks ropa det frå fjellet at kona kunne ha kyrne berre ho ikkje nemde dei på namn. Såleis blei kyrne verande på Homme. Så hende det at ein gut på Homme blei glad i ei huldrejente. Huldrejenta ville gjerne ha guten, så ho blei kone på garden. Denne jenta visste namnet på kyrne. Då dei hadde lagt på tri kalvar, blei dei to kyrne slakta. I det same andre kyra var dau, kom kona ut og sa: «Jamen har me hatt lukke med desse kyrne». Og så sa ho namnet på dei. Men i same stunda var alle kalvane borte. Ingen såg dei att seinare.» Sagn fra Øvrebø (Kilde: Øvrebø-boka bind 3, Kultursoga) Mytiske sagn

Homme gård på 1950-1960 tallet. Dette er gården som sønnen til Kristen Steinsland bor på. Gården er yngst av de tre gårdene. Tror den ble skilt ut av den midterste ca. 1850

 

Krossfjellet på Homme og Hommehelleren

Juletrolla «På Homme er der eit fjell som heiter Krossfjellet. Der heldt huldra til. Kvar joleaften kom huldra til gards med stort fylgje – somme kalla det Oskereia. Fylgjet hadde ein førar som heitte Trond. Jolematen måtte alltid stå ferdig på bordet og ingen måtte ete av han før fylgjet var reist. Folk på Homme lika dette ille, for dei måtte sjølv reise til Mushum, ein fjerding unna. Ein joleaften kom ein mann til Homme og ba om hus. Han hadde ei kvit bikkje med seg. «Ja, hus kunne du sakta fått», svara kona, «men me lyt sjølv røme for trolla, så det blir nok inga råd med det.» Men mannen våga seg for trolla, og då dei andre reiste til Mushom, krabba mannen med bikkja opp på hjellen. Frampå kvelden kom trolla og sette seg til bords med Trond i høgsætet. Då dei hadde ete og ståka ei stund, skulle dei ofre til Tor. «Nå skal eg ofre», kom det frå hjellen og i det same small eit skot og Trond stupte. Trolla drog han med seg ut døra, men då den kvite bikkja kom etter, rømde dei alle. Joleaften året etter kom trolla fram på det høge fjellet og ropa ned om den vonde bikkja var der. «Ja, nå har ho auka seg til sju», svara det. Trolla trudde ikkje dette , og ein av dei sku ned og sjå. Bikkja jaga han då inn i Hommehelleren (ei merkelig fjellhole tett ved Homme). Bikkja kom att på Kile i Hægeland, snau over heile kroppen, men Oskereia kom aldri til Homme etter den dag.»

Kristen Steinsland som bor på Homme gård sier i 2026 at “Hommehelleren som det står om i sagnet om juletrolla på Homme. Den ligger rett på naboeiendommen til høyre for gården sønnen min bor på. Når skolen på Homstean eksisterte, var det vanlig å ha utflukt til hola. Lærer Gunnar Holen [far til Astrid Holen] hadde elevene med både til den og Bergehola.”

Hommehåla ligger her:

 

Lauvås og Eikeland

Kjuringsteinen «Segna seier at kjuringane på Eikeland og Lauvås skulle møtast ein dag og fastsette byttet. Dei skulle stå opp tidlig om morgonen og gå kvarandre i møte. Der dei møttest, skulle byttet stå. Nå bar det så gale til at kjuringen på Eikeland forsov seg, og han kom ikkje så langt før han møtte kjuringen frå Lauvås. Då blei kjuringen på Eikeland så sinna at han slo den andre i hel. Kjuringsteinen står på denne staden den dag i dag og skal minne om dette.» Sagn fra Hægeland (Kilde: Hægelands-boka bind 3, Kultursoga) Opphavssagn

 

Finnemyr, Lauvås

Finnemyrane «På Lauvås er der nokre myrar dei kallar Finnemyrane. Tradisjonen seier at ein framandkar, ein finn, hadde stole på Lauvås. Karane på garden sette etter han og drap han. Staden der dette hende blei seinare kalla Finnemyrane.»

 

Storemyr og Benestvedt

Huldrejenta «Ein gong kom ei ferm jente gåande fram stien i bakkane nordvest for Storemyrtune. Æg så ho så skjilte te ho kvarv attmed fjellveggen. Fust totte egd æ va ei tenestejente på Beinestveit. Æg venta ho inn, men då ingen kom, laud eg fram å se att. Då skjønte eg at dæ va hudejenta. (Etter Ingeborg Storemyr)»

 

Ropstad

Falkus-sagnet «Sagnet forteller om den gang Oskereia herjet Robstadbygda fælt og tok med seg Falkus Langeland (Neset). Kristen Frivoll fortalde det slik: «Falkus hadde drukna, men dei kunne ikkje finne liket. Då for Oskereia framom, og ei i skreia slo med svipa i isen og sa: «Her ligg Falkus i Neset». Dei leitte og fann han der». Funnstedet heter nå Falkusneset.»