Historien om Setesdal - musikken, stakken og språket


Setesdal er kjend for å halde tradisjonar i hevd og tradisjonell stevkunst, dans og folkemusikk fra Setesdal ble i 2019 innskrevet på UNESCOs liste over menneskehetens immaterielle kulturarv. Dette unike kulturuttrykket, som inkluderer gangar, stevjing og spill på hardingfele/munnharpe, er en levende tradisjon i Bygland, Valle og Bykle som har blitt overført gjennom generasjoner. I tillegg er klesdraktene, dialekten, byggekunsten og naturen unik for Setesdal.

Setesdalsbunad - stakk og skinnfu. Kilde: SNL

Setesdal er dalføret langs Otravassdraget, som strekk seg frå lengst nord i tidlegare Aust-Agder fylke. Historisk har ein rekna de to kommunene Bykle og Valle kommune til Setesdal, medan området sørover vart kalla Oterdal. Etter kvart flytta ein grensa sørover til Bygland. Dalen vart då delt inn i Øvre og Nedre Setesdal. I dag reknar ein ofte også med Iveland og Evje og Hornnes til dalen, noko som medfører at meir enn halvparten av tidligere Aust-Agder fylke tilhøyrer Setesdal. Dette området svarar til Setesdal fogderi, som eksisterte frå 1660 til 1919.

Namnet Setesdal: Fyrste ledd i namnet kjem frå norrønt setr, som tyder 'bustad'. Den tidlegaste kjende bruken av namnet er frå Magnus Lagabøtes landslov frå 1274, der dalen nord for Bygland omtalast som Sættre, som er ei dativform.

Geografi og kommunikasjon:  Det er ein relativt trang dal, med Setesdalsheiane på både sider. Nede i dalen er det områder som tidlegare var nærastt uframkommelege, og dalen var derfor lenge isolert frå kysten i sør. Stiar og kløvveger på heiane var då einaste moglegheit til å komme fram. Frem til 1800-talet var det mest ferdsel til/frå Setesdal i retning aust-vest. Det vil si at iallefall midtre og øvre del av dalen hadde mest kontakt mot Rogaland og mot Fyresdal i Telemark. I mellomalderen skatta setesdølane til Stavanger.

Fyrst i 1846 vart hovudvegen frå Kristiansand til Bykle anlagt, og setesdølane trakk då meir mot byen i sør. Særleg i Bykle hadde det vore vanskeleg kommunikasjon sørover, då den smale og bratte Byklestigen var einaste veg. I dag er det riksveg 9, også kalla Setesdalsvegen, som er den viktigste ferdselsåra gjennom dalen. I 1867 byrja dampbåttrafikken på Kilefjorden og Byglandsfjorden. I 1896 vart Setesdalsbanen bygt fram til Byglandsfjord. Den vart nedlagt i 1962.

Kultur: I Setesdal har ein tatt vare på meir av mellomalderens byggeskikk, folkekunst og drakter enn dei fleste andre stader. Dalen har også ein rik tradisjon for segn og folkemusikk og for sine handverkstradisjonar. På Rysstad i Valle ligg både Setesdalsmuseet og Agder folkemusikkarkiv, og ellers er særleg sølvsmedane frå Setesdal kjend for sine arbeider.

Konsert i gamle Bykle kyrkjeOlav Åsen Haugsgjerd/ Setesdølen

Språk: Det klassiske Setesdalsmålet kan høyrast frå sørenden av Bygland kommune opp til Kyrkjebygdi i Bykle. Sørover glir språket over i sørlandske dialektar, og nord i Bykle er det påverka av vest-telemarksmål. Det er eit sørleg e-mål, der infinitiv og ubestemt form eintal av linne hokjønsord ender på -e. Mange gamle trekk er teke vare på i målet, og Valledialekta reknast gjerne som den av dei norske dialektane som er mest særprega og vanskeleg å forstå for andre. Den gamalnorske overlange stavinga er mellom dei trekka som framleis finst i målføret. Såleis kan både vokal og konsonant ha i same staving ha lang kvalitet, som i noutt, austnorsk 'natt'. Dei gamalnorske lange vokalane diftongerast gjerne, som teime for austnorsk 'time' eller rout for austnorsk 'rot'. Sjølv nokre korte vokalar vert diftongert, som i hoæl, austnorsk 'hol' og biere, austnorsk 'bære'. Ein har også svarabhaktivokal i ubestemt form eintal av hankjønsord, der gamalnorsk hadde endeinga -r, som arm'ə for austnorsk 'arm'.

Dobbelkonsonanten -ll- har vorte til -dd- i slutten av ord, som i fjødd, austnorsk 'fjell'. Dette siste trekket finn ein også i fleire dialektar i Telemark og Vest-Agder. L-lyd foran labiale og velare konsonantar har falt vekk, til dømes i kåv'ə for austnorsk 'kalv' og foukk, austnorsk 'folk'. F-lyd vert til p i nokre posisjonar, som i lopt, austnorsk 'loft'.

Kilde: Agder fylkeskommune

 

 

Kilde: Setesdalswiki