Iveland stasjon Iveland stasjon - drift og historie
Iveland stasjon - drift og historie
Iveland stasjon er en nedlagt jernbanestasjon tilknyttet Setesdalsbanen. Stasjonen ligger 125 meter over havet. Iveland stasjons stasjonsbygning sto ferdig til Setesdalsbanens åpning i 1896. Stasjonen ligger tidligere Iveland kommune, nå en del av Vennesla kommune rett på vestsiden av Otra, som her utgjør grensen mellom Iveland og Vennesla. På østsiden av elva ligger Iveland kraftverk. Setesdalsbanen ble nedlagt i 1962, men kjøres på sommeren som museumsjernbane. Stasjonsbygningen ble tegnet av Paul Due, og oppført av Strømmen Trævarefabrik. Per 2023 blir den brukt som bolig. Iveland stasjon ligger 34,50 km fra Kristiansand.
Iveland kraftverk er et vannkraftverk til Å Energi frå 1949 i elva Otra. Kraftverket har blitt modernisert i 1950 og 1955. Det ligg ved Kattefoss vest for Skaiå i Iveland kommune. Det utnyttar eit fall på 50 meter frå Gåseflåfjorden til Nomelandsfjorden. Nomelandsfjorden er inntaksmagasin for Nomeland kraftverk som ligger lenger sør. Kraftverket ligg i dagen og har ein samla effekt på 44 MW. Kilde: Setesdalswiki
Kildekoordinering Ivar Mykland, Setesdalsbanens venner
Beinestveit
Båseland ligger ikke langt fra Iveland stasjon. Side 464 i Hægelandsboka Gard og ætt - Av Oddvar Moen
Då eg vatna på kyrkjegarden i dag, stansa eg ved gravsteinen med farne slektsledd på Beinestveit. Eit stykke ned på steinen står det JOH. EV. 10.14, ei fin helsing å ta med seg. Eg er den gode gjetaren. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg.
Hægelandskalenderen 2022 har forside som viser gardane i grenda.
Beinestveit er den einaste grenda i Hægeland som aldri fekk sin eigen skule. Det kan me lese meir om i artikkelen om høykøyring på Lonan.
Hægelandsboka fortel om ei trist hending frå denne grenda:
Lysa slokna tre gonger julenatta.
Pær Åmdal mista kona i barnseng i 1799. Han var skreddar, skomakar, smed, skinnfellmakar og murar. Han avslutta eit oppdrag i Bjørndalen julaftan i 1824. På veg heim til Åmdal blei det veldig snøstorm. Pær mista leia ved Båseland. Han måtte sette frå seg skreppa på ein stein og streva seg bort til ein hellar. Der sette han opp skiene og kraup inn. Dei fann han død 1. juledag. Folk på Båseland hadde undra seg over at talglysa slokna.- Dette tyder noko, sa Tolleiv, då han tende tredje gongen. Me kjem til å spørje nåsfall i nærleiken.
(I følge norsk-ordbok.no finn me leddet nå- i mange samanhengar, oftast med noe trist og død. Jf. norr. nástrá = likstrå. Det tyder på at ordet nåsfall har vore brukt om dødsfall i hægelandsmålet. Er det noen som har hørt ord med leddet nå- brukt slik eller i andre samanhengar?)
Det heiter Pærssteinen og Pærshellaren på Båseland. Presten Smith skreiv i kyrkjeboka: «Gaardmann, Præstens Medhjelper. En udmerket kristen i Liv og Vandel. Æret og elsket af alle som kjendte ham." Det er ikkje verst å få eit slikt ettermæle.