1. oktober 2022. Foto: Geir Daasvatn
Geir Dåsvatn skriver i Setesdalssida
Ved Homevassevja i Otra, på Vennesla-sida av elva, er det mange fine minne etter Setesdalsbanen.
Den «første» Setesdalsbanen forbi Homevassevja stod ferdig i 1895. Seinare blei Iveland kraftverk med Gåseflå dam som magasin bygd på 1940-talet og framover. I samband med den utbygginga – som laga Gåseflåfjorden – måtte jernbanelinja hevast høgare opp i terrenget, opptil sju meter på det meste. Omlegginga gjaldt ei strekning på over fem kilometer frå sør for Homevassevja til Sogelia sør for fossen Soga sør-aust for Kile. Dette arbeidet var ferdig nokre månader før Iveland kraftverk blei sett i drift i 1952.
To jernbanelinjer
Forbi Homevassevja ligg det såleis to gamle jernbanelinjer. Den eine, frå 1895, er noko attgrodd men framleis lett å både sjå og å gå langs. Den nyare, frå 1952, blei gjort om til bilveg då banen blei lagt ned. I dag går også Nasjonal sykkelrute nr. 3 på 1952-vegen. Knut John Bakken har skrive eit fint og veldig informativt stykke om jernbanebygginga i dette strøket i Årsskriftet til Vennesla Historielag for 2020. Han peikar på den store forskjelen me kan sjå i byggemåten til dei to linjene. Den nyaste linja går på ei fylling der steinen ligg hulter til bulter, medan den eldste linja har solide, oppmurte støttemurar.
Både sør og nord for evja gjekk jernbanen gjennom tunnelar, tilsaman fire. Dei to på 1952-linja kan du køyre gjennom. Stemdal tunnel, nord for Homevassevja, er den lengste med 242 meter. Han er smal, men med eit par møteplassar og lys. Dei to tunnelane på den eldre linja kan du sjå om du tek deg ned i terrenget og vandrar litt att og fram i det tidlegare jernbanesporet.
Sør for den eldste Homevassevja tunnel ligg den gamle jernbanelinja på ein svær støttemur med Otra djupt under seg. Imponerande arbeid! Det er grei plass til å sette ned bilen her. Herfrå kan du gå bortover (nordover) i det gamle jernbanesporet, utan å måtte klatre nedover i terrenget. Men ver forsiktig, det er stupbratt rett ned i Otra.
På 1895-linja er det også ei vakker lita bru, mest bare som ei stikkrenne, med ei svær trappeforma steinsettig under. Du ser ho på biletet over her. Eit syn verkeleg verdt å studere nærare og med eigne augo!
På nordsida av Homevassevja ligg ein vaktarbustad, som var bustad for Setesdalsbanen sin baneformann på denne strekninga.
Setesdalsbanen – eit langt kulturminne!
Setesdalsbanen var i drift 1896–1962. Han var om lag 78 km lang. Mange av minna etter jernbanen er borte. Men framleis er det plenty med spennande ting å sjå langs mest heile strekninga! Kanskje tid for ein lengre sykkeltur på Sykkelrute nr. 3?
Meir frå Setesdalsbanen
Setesdalswiki
Homevassevja tunnel er ein 93 meter lang tunnel på Gåseflåvegen mellom Iveland stasjon og Gåseflådammen i Vennesla. Opphaveleg var tunnelen ein del av den nye linja til Setesdalsbanen, som kom i bruk frå 1952 då linja måtte leggast om i samband med bygging av Iveland kraftverk og oppdemming av Gåseflåfjorden.
Se diverse kilder om byggverkene her
Se også denne kilden: https://www.vestagdermuseet.no/familien-som-fikk-20-ekstra-munner-a-mette/
Setesdalsbanen ved Homevassevja. Kan være under flommen i 1933. Fotograf / Giver: Olaf Ingebretsens samling
Homevassevja vaktarbustad var bustadhus for Setesdalsbanen sin baneformannen på strekninga ved Homevassevja i Vennesla.
For ettersyn og vedlikehald av jernbanelina var banen delt inn i avdelingar, med ei gjennomsnittleg lengde på om lag 5 km. Det var i alt 16 slike. Kvar avdeling hadde ein baneformann og ein eller fleire banevaktarar. Dei fleste baneformennene og vaktarane var rekrutterte i nærleiken av den avdelinga dei hadde oppsyn med. Dei kunne då ha bustad i eksisterande bygningar rundt omkring. Men nokre få avdelingar låg svært avsides til. Då var det nødvendig å bygge ein eigen bustad for baneformannen. Slik vart det gjort ved Homevassevja.
Bustaden her hadde først stått i Kiledalen i Hægeland under anleggsperioden. Sidan blei han flytta til Homevassevja. Ei tid etter nedlegginga av banen i 1962 blei huset seld til private. vaktarbustad var bustadhus for Setesdalsbanen sin baneformannen på strekninga ved Homevassevja i Vennesla.
For ettersyn og vedlikehald av jernbanelina var banen delt inn i avdelingar, med ei gjennomsnittleg lengde på om lag 5 km. Det var i alt 16 slike. Kvar avdeling hadde ein baneformann og ein eller fleire banevaktarar. Dei fleste baneformennene og vaktarane var rekrutterte i nærleiken av den avdelinga dei hadde oppsyn med. Dei kunne då ha bustad i eksisterande bygningar rundt omkring. Men nokre få avdelingar låg svært avsides til. Då var det nødvendig å bygge ein eigen bustad for baneformannen. Slik vart det gjort ved Homevassevja.
Bustaden her hadde først stått i Kiledalen i Hægeland under anleggsperioden. Sidan blei han flytta til Homevassevja. Ei tid etter nedlegginga av banen i 1962 blei huset seld til private.
500 m sør for trappenedløpet møter du veien og det nyere sporet og du går da i retur til bilen. Det kan være en god ide å gå over Gåseflå dammen - fin utsikt.
Dansk kunstner bodde i vokterboligen https://tv.nrk.no/se?v=PRMR70000508
Historien bak
https://www.visitvennesla.no/gasefla
https://www.visitvennesla.no/nomelandsomlegginga
https://www.visitvennesla.no/hommevassevja
https://setesdalssida.no/kulturminne-setesdal/setesdalsbanen-homevassevja/